Kulturkrig på nettet - Sør-Korea inn i mjølkete-alliansen?

I forgårs var det 70 år sidan Kina gjekk inn i Korea-krigen, eller "krigen for å motstå amerikansk aggresjon og bistå Korea", som den heiter på propaganda-kinesisk. I oppløpet til jubileumsdagen har Kina nytta høvet til å eskalere ein liten kulturkrig på nettet... mot eit koreansk boyband. Skal Sør-Korea verte ein del av mjølkete-alliansen?

Internettdiplomati og mjølkete; eit kjærastepar i stormen
Kva er mjølkete-alliansen? Kva er mjølkete? Er mjølkete.. te med mjølk i? Kva har så dét med ei transnasjonal demokratirørsle på nett å gjere?

Spørsmåla i den rekkefølge dei opptrer:
Ja, mjølkete er te med mjølk. Mjølk, te og dei karakteristiske tapioka-perlene. Tapioka-perler er små skumgummi-aktige kuler laga av stivelse frå røtene på kassava-planten, du ser dei på biletet over. Mjølkete er retteleg søtt, tåleleg godt og veldig populært i aust- og søraust-Asia, særleg blant ungdom.

Kva har så mjølkete med transnasjonal demokratikamp på internett å gjere? Det er eit spørsmål som krev litt meir utgreiing. Mjølkete-alliansen byrja våren 2020 med det som utvikla seg til ei internettfeide mellom kinesiske unge nettbrukarar og deira motpartar i Taiwan, Hong Kong og... Thailand.

Thailand? Ja. Merk emneknaggen #Nnevy i skjermdumpen over. Nnevy er twitter-namnet (handle) til den thailandske skodespelaren Weeraya Sukaram, som til vanleg går under tilnamnet “New”. Ho havna midt i denne suppa ved å vere kjærast med den også thailandske skodespelaren Vachirawit Chivaree, som speler i ein populær kinesiske dramaserie som heiter 2gether. Vachirawit nyttar Bright som artistnavn, så her har ein altså New og Bright i knipe. "Bright" Vachirawit gjorde den kardinalsynd å retvitre ei melding med fire bilete i, der den opprinnelege forfattaren hadde skrive noko ala "fire bilete frå fire land" - men eitt av bileta var frå Hong Kong! Då vart det baluba på kinesisk internett, for Hong Kong får ein ikkje rekne som eit "land", det er som kjent ein spesiell administrativ region (SAR) i folkerepublikken Kina. No hadde Bright Vachirawit "såra kjenslene til det kinesiske folket", som det heiter, og kinesiske nettbrukarar rasa. Å "såre kjenslene til det kinesiske folket" er ei skulding først nytta i Folkets Dagblad i 1959, og formuleringa har tette band til Partiet og offisiell politikk. "Bright" Vachirawit beklaga raskt meldinga, og slo fast at det ikkje var meininga å såre kjenslene til det kinesiske folk.

Skjermskot frå Twitter. bbright er Vachirawit Chivaree, med to millionar følgjarar

Dette var ikkje godt nok, nettmobben byrja no grave etter liknande halmstrå i publiseringshistorikken til paret. Der finn dei eit bilete av “New” Weeraya Sukaram, teke på Taiwan i september 2017. Raseri runde to byggjer på relativt absurd grunnlag - New hadde skrive at ho hadde pynta seg i "taiwansk stil" på biletet, og dette var (visstnok) ei klokkeklar støtte til taiwanesisk sjølvstende frå folkerepublikken.  

Skjermskot "lånt" frå https://cammacmurchy.com/

I skjermskotet over ser det jo ut som Bright skriv kinesisk jente og New rettar det til taiwanesisk jente, men det stemmer altså ikkje heilt. New svarar ein annan konto sin kommentar, eit spørsmål som ikkje viser her - ikkje at kinesiske nettbrukarar vil bry seg om slike nyansar, når ein har gått på fiendtleg innstilt skattejakt bakover i publiseringshistorikken til New.

Den tredje og siste spikaren i kista var at det vart oppdaga at New hadde retwitra ei melding som, når den vart omsett frå Thai til kinesisk, såg ut til å skulde Kina for å ha utvikla Covid-19-viruset i eit laboratorium i Wuhan, og kalla viruset "the Wuhan virus". Dette var jo ein konspirasjonsteori våren 2020 - men det vert seinare hevda at meldinga New hadde retwitra ikkje påstod dette, og at det var feil i omsetjinga. Viss du synest Google Translate er upåliteleg, prøv Baidu Translate. Men no hadde kjærasteparet Bright og New vorte midtpunkt i ein "flame war" på nettet, der ein skal drukne motparten i hån og negative meldingar.

Sjølvironi som våpen og NMSLesarar.
Sidan Bright og New er frå Thailand, tok kinesiske nettbrukarar fort til å rakke ned på Thailand. Thailandske nettbrukarar viste seg fort relativt immune mot det kinesarane ville mobbe dei for - dei sa seg samde! Her vart det produsert mange gode meme. (Eit meme er eit bilete eller ein fast biletsekvens der ein tilpassar teksten til å passe situasjonen). Under er eit sjølvironisk, thailandsk døme av det kjente "american chopper"-memet om korleis kinesiske nettbrukarar ("CCP", altså kommunistpartiet) freistar såre thailandsk nasjonalkjensle med å fremje kritikk thaiane er samde i:

Det har sidan dette vorte avslørt at kongen av Thailand bur i Tyskland med eit lite harem, men dette var ikkje kjent då dette memet vart laga. Her kjem ein inn på det transnasjonale elementet av demokratirørsla: ein god analyseartikkel frå Reuters skriven av Patpicha Tanakasempipat hevdar at den thailandske demokratirørsla fann saman på nett i si støtte til demokratirørslene i Hong Kong og Taiwan, som vart stadig meir artikulert. Artikkelen siterer historieprofessor Wasana Wongsurawat ved Chulalongkorn University i Bangkok, som seier "anti-Beijing-stemning (sentiment) har vorte ein del av thaiar sin kamp mot autoritærianisme". Dette er nok ein sentral grunn til at det prella av som vatn på gåsa når kinesiske nettbrukarar skulle såre thaiar si nasjonalkjensle ved å rakke ned på det politiske systemet, regjering, styresett og konge i Thailand - thaiane var jo (stort sett) heilt samde i denne kritikken!

Tekst, sånn ca: "Kinesarar som fornærmar Thailand mot thaiar som har sagt det same lenge" 

Thailandske nettbrukarar i denne store meme-krigen våren 2020 tok fort til å skulde sine kinesiske motpartar for manglande kreativitet (utover å kritisere statsmakta i Thailand): den forkorta fornærmelsen NMSL vart så mykje brukt frå kinesisk side at ein byrja kalle aggressivt patriotiske kinesarar på nett for "NMSLesarar" (nmslese). Dette havna i Urban Dictionary (ei ordbok over slanguttrykk):


Ein var altså ikkje imponert over at NMSL ofte var det beste tilsvaret frå kinesisk side. NMSL er altså kort for 你妈死了, Nǐ Mā Sǐ Le, som betyr "mor di er daud". Det andre uttrykket frå Urban Dictionary-posten som kan vere nyttig å merke seg, er "wumao". Dette betyr bokstaveleg tala femtiøring på kinesisk (eller fem tiøringar), og referer til ei myte om at det fanst folk i Kina som fekk femti øre for kvar gong dei posta noko positivt om kinesiske styresmakter på kinesiske sosiale medier. Akkurat her er det ikkje røyk utan eld, New York Times hadde i august ei interessant gravesak om kinesiske påverkningsoperasjonar på internett for å skape støtte om eigne utanrikspolitiske standpunkt, der dei fann så einsretta oppførsel frå ei mengd kontoar at ein måtte gå ut frå at dei var styrt av same aktør. Thailandske nettbrukarar var iallfall ikkje redd for å antyde dette heller direkte, som i memet under:

Eit thai-meme som speler på at Kina har koordinert wumao-ar til å "flame" NMSL


Eit nytt land i alliansen? Eit koreansk boyband sårar kinesiske kjensler
Då har me vonleg forklart kva mjølkete-alliansen er, og korleis den oppstod. Så var det siste nye i saka. For vel ei veke sidan kunne ein lese at det koreanske boybandet BTS hadde "såra kjenslene til det kinesiske folket",  som jo er same formuleringa som New og Bright vart skulda etter i vår.

BTS er svært populære i Korea og utanfor Korea, også i Kina. Bloomberg-kommentator Clara Ferreira Marques kallar bandet for "det koreanske Beatles" ein i Businessworld-artikkel frå førre veke. Koreansk pop er større enn me gjerne trur her på bjerget, og BTS er enorme innan K-pop. BTS er eitt av fem band/duoar som har innehatt første- og andreplass samtidig på Billboard’s Hot 100 Hot songs chart-lista. Dei andre fire er kjente namn som nettopp Beatles, Bee Gees, Black Eyed Peas og Outkast. BTS har i følgje Guinness verdsrekorden i nettengasjement på Twitter (målt i gjennomsnittlege retweets). BTS har også rekorden for musikkvideoar i kategorien flest visningar på 24 timar på Youtube, då dei fekk 101.1 millionar visningar det første døgeret videoen Dynamite låg ute i april 2019.

BTS består av sju pertentleg friserte unge menn som syng og dansar synkront, slik eit boyband skal. Under er eit bilete av bandet frå den 31.gullplate-prisutdelinga (Golden Disc Award) i Sør-Korea i januar 2017:

Fotorettar: Wikimedia Commons. 

Men kva var det BTS sa og gjorde, som er utgangspunktet for denne kontroversen? Det er på tide å for første gong på denne ringe nettstaden sitere allkpop.com, ei nyhetsside dedikert til å følgje koreansk pop. Dei kan melde at frontfigur Kim Nam-joon, med artistnamnet "RM" sa følgjande i takketalen då dei mottok Van Fleet-prisen: ""Det koreanske samfunnets 2020-galla er særleg meiningsfull sidan dette året markerer syttiårsjubileet for [starten på] Korea-krigen. Me vil alltid minnast den smertefulle soga våre to nasjonar delte saman og offera til tallause menn og kvinner" (mi omsetjing). Det er eit litt utvida sitat (på engelsk) hjå Huffington Post.

Med "våre to nasjonar" refererer ein her til Sør-Korea og USA, som i Korea-krigen kjempa saman mot Nord-Korea og Kina. Van Fleet-prisen er ikkje ein musikkpris. Det er ein pris oppattkalla etter den amerikanske generalen James Van Fleet, som leidde den amerikanske åttande armé i Korea. Prisen vert gjeven årleg til individ eller organisasjonar som har fremja eller forbetra forholdet mellom Sør-Korea og USA.

K-pop er stort, den kinesiske marknaden er også stor. Då kinesiske nettbrukarar, og den sedvanlege antagonist-avisa Global Times, byrja høglydt stille spørsmål ved om BTS hadde såra kinesiske kjensler, tok koreanske selskap som Samsung og Hyundai vekk BTS-relaterte produkt og reklamar med BTS i frå marknadsføringa si i Kina. Det same gjorde det italienske sportskledemerket FILA, som ifølgje Allkpop.com  dessutan skal ha sletta alle postar om BTS frå sosiale medier (men då vonleg berre sær-kinesiske sosiale medier). Dei to enorme nettbutikkane Taobao og Jingdong tok også vekk ein BTS-versjon av Samsung Galaxy S20 Plus-telefonen og tilhøyrande trådlause øyreproppar i BTS-versjon. Her frykta ein at det brygga opp til storm.

Nettkrigen avlyst
Så langt føl dette eit handlemønster ein har sett mange gonger før, særleg den delen med at næringsinteresser fryktar boikott og marknadstilgong og treff dei tiltak ein må for å kome inn att i varmen - som då hotellkjeden Marriott hadde ført opp Tibet og Taiwan på ei liste over nasjonalstatar i 2019, og måtte orsake grundig.
Denne gongen følde ein derimot ikkje det vanlege manuset:  

Skjermskot frå Twitter: kinesisk media tek ned kritikken mot BTS

Allkpop.com var tidleg ute med å melde at kritikken mot BTS vart skrubba vekk frå det kinesiske internettet. Dei opprinnelege artiklane frå Global Times (på kinesisk) vart gjort utilgjengelege. Allkpop hevdar vidare at det kom bråstopp i negative kommentarar om BTS på sosiale medier. Dette tyder i så fall på at eit program no forhindrar slike kommentarar frå å nå nettet, og vil seie at saka er større enn ei redaksjonell avgjerd i Global Times. Global Times publiserte for øvrig nye, mindre antagonistiske artiklar om saka dagen etter.

Det at ein avlyser eit nasjonalistisk-patriotisk kollektivt sinneutbrot på nett, er nyhetsverdig fleire stader enn på allkpop.com. Det er interessant nok til at det no også ligg på framsida av det prestisjetunge tidskriftet Foreign Policy, her vidareformidla av professor Jonathan Sullivan ved University of Nottingham:

Skjermskot frå Twitter

Kva er forresten ARMY? Jau, ARMY (eller A.R.M.Y) er forkorting for "Adorable Representative M.C. for Youth", som er den offisielle fanklubben til BTS. Desse bør ein ikkje leggje seg ut med. Foreign Policy-artikkelen fokuserer på mjuk makt (soft power) og korleis k-pop vart gjort heilt sentralt i sør-koreansk mjukmaktsstrategi, utvikla av tidlegare president og vinnar av Nobels fredspris, Kim Dae-jung. Artikkelen seier, som i ingressen at Kina bør prøve lære mjukmakt av Sør-Korea, fordi Sør-Korea er frykteleg gode på dette, og Kina tilsvarande dårleg.

Kan hende er avlysinga av denne kulturkrigen eit første steg på vegen mot ein mindre dårleg mjukmakts-strategi på internett frå kinesisk side? Det står att å sjå om dette er eit linjeskifte generelt, eller om dette er eit enkelttilfelle, der ein fann ut av K-pop-fans ikkje var ein demografi ein ville ha ei høglydt internettkonflikt med. Klok av skade frå Thailand og #Nnevy-affæra? Klok av skade etter å sjå amerikanske kpop-fans i USA mobilisere mot Donald Trump? Det veit ein ikkje, men svaret på spørsmålet om Korea vert eit nytt land i mjølkete-alliansen er førebels nei - fordi ein frå kinesisk side avblåste konflikta, for første gong.