Nytt Covid-utbrot i Qingdao

Kina har igjen fått eit lokalt utbrot av Covid-19, for første gong sidan utbrotet i Beijing i starten av august. Utbrotet vart først meldt av lokale styresmakter i Shandong måndag morgon (lokal tid).

Dette har gjerne den oppvakte lesar fått med seg, for det vart opplyst om i norske medier måndag morgon, norsk tid. Det vart stort sett markert med dei same fire setningane, frå NTB.  Slik var VG sin variant av denne notisen:

Det tok eit døgn før ein kunne lese at talet seks var feil, eller iallfall upresist, - på norsk. I den offisielle kinesiske statistikken registrerer ein berre smitta med symptom. Dersom ein har stadfesta asymptomatisk Covid-smitte, det vil seie testen viser Covid-smitte, men ein har ikkje nokon sjukdomssymptom, vert ein ikkje teld før ein eventuelt utviklar symptom. At ein hadde seks stadfesta tilfelle med symptom og seks utan vart engelskspråklege lesarar gjort merksame på den tolvte oktober, men i norskspråklege medier måtte ein vente til dagen etter.

Utbrotet er spora attende til Qingdao Chest Hospital, som er eit testsenter for tilreisande frå utlandet (overseas). Lokale styresmakter vart kjent med dei første smittetilfella sundag 11.10, og då styresmaktene publiserte ei pressemelding om smitteutbrotet den 12.10 (i går), hadde ein allereie testa 143 893 menneske som anten jobbar på helseinstitusjonar, er pasient ved helseinstitusjonar eller er pårørande i tilknytning til helseinstitusjonar. 114 862 prøvesvar var klar, av desse var samtlege negative.

Eit absurd photoshoppa bilete av Qingdao Chest Hospital "lånt" frå govt.chinadaily.com.cn, som vidare bildekrediterer WeChat-kontoen "dqtvdcxs" 

Ein erklærte samstundes ein ambisjon om å teste samtlege innbyggjarar i Qingdao - over ni millionar menneskje - i løpet av dei neste fem dagane. Ein har allereie passert tre millionar, slik fleire norske medier har sitert i dag. Dette er vonleg i bydelane Shinan, Shibei, Licang, Laoshan og Chengyang, som i følgje Globaltimes har seks millionar innbyggjarar og skulle vere ferdig i løpet av tre døgn.

9,4 millionar innbyggjarar på fem dagar med testfasilitetar som er opne frå kl 07 til kl 23 vil seie greie 1875 testar i minuttet, har nokon reknekyndige rekna seg fram til.

Dette er ikkje dei einaste tilfella av smitte i Kina, skal seiast. Den nasjonale helsekommisjonen (National Health Commision) rapporterte sundag  at ein hadde avdekka 21 tilfelle av importsmitte på landsbasis i løpet av dagen før. Desse utgjer likevel ikkje noko smitteklynge slik som i Qingdao.

Det som lesarar av denne ringe nettpublikasjonen gjerne fekk med seg i førre bloggpost, er at det har nett vore fellesferie i Kina - den Gyldne veka, 黄金周. Dette er jo heller sentralt, og vert difor teke med i engelske versjonar av nyhetssaka, både i Kina-spesialiserte publikasjonar som Sixthtone og meir generelle som Reuters og hjå BBC. Globaltimes siterer tal frå Etat for kultur og turisme i Qingdao by (Qingdao Municipal Bureau of Culture and Tourism) som viser at det har vore 4.47 millionar reiser til Qingdao i samband med kinesisk nasjonaldag, den gyldne veka og midthaustfesten. Det er såleis eit høgst delikat tidspunkt å ha Covid-smitte ute av kontroll på.

Andre byar har byrja treffe tiltak knytt til smitteutbrotet i Qingdao, melder Globaltimes. Mellom anna har havnebyen Dalian i Liaoning-provinsen innført reiseforbod til Qingdao og bede alle innbyggarar melde inn reisehistorikken sin etter 27. september. Så står det att å sjå om ein får kontroll i løpet av dei neste dagane, ved å på fem dagar teste eit antal menneskje knappe to millionar under folketalet i Noreg og Danmark til saman.