1.oktober: nasjonaldag i Kina

1.oktober 2020 er dagen for 71-årsjubileet for Folkerepublikken.

Den 1.oktober 1949, kl 15 om ettermiddagen lokal tid, tala formann Mao til ein enorm folkemengde på den Himmelske Freds plass. Her erklærte han Folkerepublikken Kina for grunnlagt. Du kan sjå frykteleg grovkorna filmopptak av dette her, og med tekst her.

Det har vorte hevda at då Mao las denne erklæringa var det svært få, om nokon, som forstod kva han sa, av den enkle grunn at Mao gjennom heile livet snakka kinesisk med brei Hunan-dialekt som var tung å forstå for Beijing-buarar (og andre nord-kinesarar).

Det var for øvrig ikkje her at Mao ytra det kjende sitatet "det kinesiske folket har reist seg", det var i opningstalen på den første fellessesjonen av den kinesiske rådgjevande folkekongressen, den 21.september 1949.  

Mao erklærer Folkerepublikken etablert, 01.10.1949

Den talkyndige vil sjå at det var jubileumsår i fjor. Syttiårsmarkeringa i 2019 sparte ikkje på noko, for kvar leiar skal overgå den førre. Det har til no vore slik at ingen leiar får meir enn ein tiårs-dag på si vakt. I 2009 var Hu Jintao generalsekretær og president, i 2019 Xi Jinping. Tidlegare var desse verva avgrensa til to femårsperiodar, Xi Jinping tok over ved årsskiftet 2012/2013. Denne avgrensinga har Xi Jinping teke vekk - så står det att å sjå om Xi får overvære det neste tiårsjubileet i 2029 som generalsekretær og president.

2019-feiringa var storslagen, og hadde tradisjon tru for ein tiårsdag militærparade

Det var ikkje ei liknande feiring i år. "Vanlege" år kan ikkje samanliknast med tiårsjubileum, og i år samanfell nasjonaldagen med den kinesiske midthaustfesten, zhongqiujie. Dette er ei familieorientert høgtid, som føl den kinesiske tradisjonelle månekalendaren. Midthaustfesten samanfell stundom med nasjonaldagen, litt som når 2.pinsedag fell på 17.mai i 2027. (Beklagar, vyrde lesar, men me mister ein raud dag der). Eit språkleg uttrykk for dette på kinesisk er 家国同庆 (jiaguo tongqing), som kan oversetjast som at familie og nasjon kan feirast samstundes.

Dagen vart markert med flaggheisingsseremoni i Beijing. Den offisielle fellesferie-veka i Kina tek til i dag, den såkalla Golden Week, den gyldne veka eller gullveka. Dette er veka der alle hotell kostar firdobbelt, og er oppbestilte. Det kan hende det er mindre av dette i år, sidan det samanfell med ei familiefeiring. Det vert ei stor folkevandring; billettappen Ctrip.com melder om 600 millionar selde reiser. Dette er rett nok 20% ned frå i fjor.

Du kan sjå flaggheisingsseremonien og andre patriotiske innslag i denne videoen frå CGTN: