USA: sanksjonar mot kinesisk partitopp

USA gjorde i natt norsk tid kjent at dei har innført sanksjonar mot fleire kinesiske politikarar og tenestemenn etter den såkalla Magnitsky-lova. Den mest profilerte er partitoppen Chen Quanguo. Kven, kva, kvifor?

Av  dei mange politikarane i Kina som nordmenn flest aldri har høyrt om, er Chen Quanguo (陈全国) ein av dei mest innflytelsesrike. No står han på lista over politikarar og tenestemenn som ikkje kan reise inn i USA, og som no kan miste kontroll over pengeverdiar i det internasjonale banksystemet.

Chen Quanguo

Kva er Magnitsky-lova?
Lova kom til under president Barack Obama i desember 2012, for å sanksjonere ei rekkje russiske statstenestemenn og politikarar som ein rekna som medskuldige i drapet på den russiske revisoren Sergei Magnitsky, som døydde i varetekt i eit fengsel i Moskva i 2009. Magnitsky hadde undersøkt, og meinte å ha avdekkka, skattesvindel i milliardklassen der russisk politi, påtalemakt, tenestemenn i skattevesenet og banktilsette hadde samarbeidd med mafien. Den første Magnitsky-lova gjald for atten russarar knytt til fengslinga av Magnitsky og det uoppklarte dødsfallet hans i fengselet. Lova nektar innreise, gjev heimel for å kverrsetje pengeverdiar i amerikansk finanssektor og, kanskje det med mest tenner, forbyr amerikanske personar og selskap å samhandle med den sanksjonerte.  

I desember 2016 vart Magnitsky-lova utvida til å kunne gjelde statsborgarar frå alle land som er mistenkt for brot på menneskerettane. Det tok straks til ein kampanje i USA for å Den nye Global Magnitsky Human Rights Accountability Act vart første gong nytta året etter, i desember 2017, då ein la til 14 namn på lista, blant dei Yahyah Jammeh, den tidlegare presidenten i Gambia; Slobodan Tesic, våpensmuglar i storskala på Balkan og general Maung Maung Soe frå den burmesiske hæren. 39 einingar vart sanksjonerte grunna si tilknytning til desse fjorten personane - du kan lese pressemeldinga frå 2017 her.

Det var òg ein kinesar blant dei 14 nye namna i 2017. Gao Yan var direktør for Chaoyang-kontoret ved sikkerhetsbyrået i Beijing (Beijing Public Security Bureau) og kom på lista i samband med at menneskerettsaktivisten  Cao Shunli døydde i fangenskap grunna manglande medisinsk behandling. I 2018 kom det òg sanksjonar mot general Li Shangfu, leiar for den kinesiske sentrale militærkommisjonens avdeling for utstyrsutvikling, (Central Military Commission’s Equipment Development Department) for å ha kjøpt våpen frå Russland - men dette var ikkje heimla i Magnitsky-lova, men i ei liknande lov.

Eit verkeleg stort namn på lista
Chen Quanguo er dimed ikkje første kinesar på lista, men Chen Quanguo er eit namn i ein heilt annan skala enn Gao Yan i 2017 og Li Shangfu i 2018. Chen Quanguo er partisekretær for Xinjiang-provinsen og sit i Politbyrået. Kva vil det seie?

Den sentrale politikkutviklinga i Kina skjer i hovudsak i arbeidsgrupper sett saman av medlemmer i kommunistpartiet sin sentralkomité, som har 300 medlemmer. Neste nivå på rangstigen er sentralkomiteen sitt politiske byrå, ofte kalla Politbyrået, som inneheldt dei 25 øvste politikarane i sentralkomiteen. Det einaste organet som står høgare enn Politbyrået, er Politbyrået sin ståande komité, der du finn dei fem ultimate toppolitikarane i Kina. Chen Quanguo er ein av dei 25 i politbyrået, der han kom med i 2017 etter å ha markert seg som ein hardliner i sitt virke som partisekretær for Xinjiang-provinsen i vest-Kina.

Chen Quanguo har kome på lista grunna systemisk, offisiell sivil politikk i Kina. Våpenkjøpet som Li Shangfu vart sanksjonert for er sjølvsagt også offisiell politikk, men samstundes ei militær avgjerd om kjøp av materiell. I pressemeldinga frå det amerikanske utanriksdepartementet vert det oppgjeve at ein innfører sanksjonane mot Chen grunna "alvorlege rettsbrot mot etniske minoritetar i Xinjiang." Dette gjeld massefengslingane av etniske minoritetar i arbeidsleirar som kinesiske styresmakter insisterer på at driv "islamistisk avradikalisering", sidan desse minoritetane er muslimar, og "yrkesfagleg utdanning" (vocational training) i leirane. Ein reknar med at det er over ein million menneske i leirane, og dette programmet tok til i styrke etter at Chen Quanguo vart partisekretær, altså leiar, for provinsen i 2016. BBC daterer første satelittobservasjon av bygging av leirar til sumaren 2015. Chen Quanguo skal ha sagt at leirane skal "undervise som ein skule, styrast som militæret og forsvarast som eit fengsel, i følgje offisielle dokument som nyhetsbyrået AFP skal ha fått tilgang til.

Kva skjer i Xinjiang?
Situasjonen i Xinjiang er for omfattande til å freiste skrive ein gjennomgang - BBC har ein innføringsartikkel i tillegg til den før siterte langlese-saka. Blant dei sterkt forstyrrande nyheitene som har vorte rapportert i heilt nær fortid i år er påstandar om utbreidd sterilisering av kvinner i leirane, som skal undersøkast nærare av Sameinte nasjonar (SN, eller "FN"). Kina avviser påstanden.

Skjermskot frå Twitter

Særskilt interesserte kan lese Zenz sin rapport her, på engelsk.

USA hevda dessutan for ei veke sidan at dei hadde kverrsett ei sending parykkar som ein meiner er laga med menneskehår frå leirane i Xinjiang. Kina avviser også denne påstanden.

Skjermskot frå BBC.com 

Chen får med seg tre kollegaer på lista: Zhu Hailun, Wang Mingshang og Huo Liujun. Zhu Hailun er tidlegare visepartisekretær for provinsen, altså Chen sin nestkommanderande. Wang Minshang er leiar og partisekretær for tryggingsbyrået (Public Security Bureau) i Xinjiang-provinsen, og Huo Liujun var partisekretær for tryggingsbyrået for Xinjiang-regionen. Sjølve tryggingsbyrået i Xinjiang som eining er òg sanksjonert.

Det står att å sjå korleis Kina kjem til å reagere på dette, utover det heller føreseielege protesten mot innblanding i "indre anliggande" og det om lag like føreseleiege varselet om at Kina vil attgjelde med sanksjonar mot amerikanske tenestemenn og politikarar.