Nytt Korona-utbrudd i Beijing

Etter femtifem dagar utan lokal smitte av Covid-19 fekk Beijing to tilfelle torsdag 11.juni, og 42 tilfelle av Covid-19 på dei to påfølgjande dagane. Korleis handterer det landet som har lengst erfaring med Covid-19 ei potensiell andre bølgje?

NRK skreiv om saka den 15.juni, i ei sak som handla besynderleg mykje om norsk laks. To menn fekk påvist Covid-19-smitte den 11.06, med Xinfadi-marknaden som fellesnemnar. Den eine var endåtil kvalitetskontrollør for kjøtvarer på Xinfadi. Det vart deretter meldt at det var funne covid-19-smitte på eit skjærebrett som var nytta til laks på Xinfadi-marknaden.

Xinfadi-marknaden (C) Wikimedia Commons. 


Xinfadi vert i NRK-saka omtala som "byens største ferskvaremarked". Det er ikkje feil, men det formidlar ikkje heilt omfanget av Xinfadi. Xinfadi er ein enormt engros-marknad, og den hevdar på eigne heimesider å vere den største i heile Asia. Marknaden er 1 120 000 kvadratmeter stor - CGTN har rekna det om til om lag 157 fotballbaner. Global Times siterer Xinfadi si eiga heimeside om at Xinfadi står for 80% av matvarene til Beijing. På ein vanleg dag vert 1.500 tonn sjømat, 18.000 tonn grønsaker og 20.000 tonn frukt omsett på Xinfadi. Verdien av varehandelen på Xinfadi vert av CGTN oppgjeve til å vere 131.9 milliardar yuan i 2019 - med dagens kurs vert det 179.87 milliardar kroner. Kinesiske styresmakter seier til sohu.com at Xinfadi står for kring 70% av ferske grønsaker til Beijing og rundt 10% av alt svinekjøt.

Stephen McConnell, Kina-korrespontent for BBC, skreiv på Twitter den 13.juni at 10.000 tilsette på Xinfadi skulle testast for Covid-19. Kinesiske styresmakter reknar med at det har vore 200.000 besøkande på Xinfadi frå 30.mai til marknaden vart stengt den 13.juni, sjølv om dette talet vil telje same person om att kvar gong personen vitjar.  

CGTN siterer det som skal vere eit etablert munnhell; "viss Xinfadi hostar, skjelv matmarknaden i heile Kina". Under SARS-utbrotet i 2003 vitja dåverande Beijing-ordførar Wang Qishan Xinfadi-marknaden for å halde ein appell mot hamstring og overprising, og oppfordre seljarane til samfunnsansvar i leverandørkjeden. Wang Qishan er i dag visepresident i Kina.

Kva gjer så Kina for å handtere dette?
Smittesituasjonen i Beijing er det lokale styresmakter i Beijing som svarar for. Kina har 22 provinsar på fastlandet, men dei fire byane Beijing, Shanghai, Chongqing og Tianjin er rekna som på provinsnivå administrativt. Det vil seie at den politiske leiarskapen på bynivå ikkje svarar til ein provins-leiarskap over seg, slik ordførarar i andre byar i Kina gjer. Tysdag 16.06 heva ein smittevernsberedskapen frå trinn tre til trinn to for heile byen. Dette var eit politisk nederlag for by-leiarskapen i Beijing, sidan det berre var ti dagar etter at ein seinka beredskapen frå trinn to til tre. Den nasjonale politiske leiarskapen, som jo sjølv heldt til midt i Beijing, føl garantert situasjonen med argusauge. Då sit det truleg langt inne å innrømme at smittesituasjonen i Beijing er "ekstremt alvorleg" (extremely severe), slik pressetalsmann Xu Hejian fortalde i ein pressekonferanse seint tysdag 16.06.

Xinfadi-marknaden vart vedteken stengt klokka 3 om morgonen laurdag den 13, og politiet stilte mannssterke for å sjå til nedstenginga. Kina-korrespontent Stephen McDonell har delt video av politiet som marsjerer fram til hovudporten på Xinfadi. Ein stengte umiddelbart turiststader, innreise for innanlands-turisme og sport- og idrettstilskipingar i Beijing, og skular nær Xinfadi. Hundrevis av flyavgangar vart kansellert. Dagen etter stenginga, sundag 14.juni, var 111 personar beordra i karantene i bydelen Fengtai, der Xinfadi ligg. Måndag 15.06 hadde byrja utføre 90.000 Covid 19-testar knytt til Xinfadi og ein annan matmarknad under smittemistanke, i følgje New York Times. Tysdag 16.06 heva ein som nevnt smittevernsberedskapen for heile byen, som betyr stengte barnehagar, skular og universitet, og oppmoding om heimekontor. Dette vil i praksis seie at ein kansellerte gjenopninga av mange skular, som endå ikkje hadde rukke opna att.

Spørjeskjema i eit bustadkompleks. (C) Stephen McDonell 

Den 17.06 hadde ein i følgje The Guardian rekna 27 bustadkvartal som middels risiko og pålagt temperaturmåling og kontrollspørsmål ved inn- og utpassering, medan eitt nabolag var definert som høgrisiko og sett i karantene. Vitjingar i heimane er no forbode mellom nabolag - nær sagt alle residential compounds har dørvakt eller portvakt - og utreise frå Beijing krev ein sju dagar gamal test som viser at ein er smittefri. Det er nedlagt forbod mot "unødvendige reiser". Det er for å få lov å reise ut av Beijing. Mange stader får ein ikkje lov å reise inn om ein kjem frå Beijing.  

Laks?
Kinesiske medier meldte tidleg at det var funne covid-19-smitte på eit skjærebrett brukt til å skjære importert laks med. Caixin Global omtala denne påstanden som fishy, eit fiffig ordspel som vel tilsvarar at "påstanden luktar". Det kan tenkjast fleire grunnar til at ein gjekk såpass sterkt ut med å peike på laks, og då særleg importert laks. Utover det at det er politisk teneleg å kunne peike på importvarer og dermed utlandet som mogleg smittekjelde, så kan det vere marknadsstrategiske grunnar her. Fagnettstaden Seafoodsource skreiv i slutten av mai om korleis norsk importlaks tok føre seg av laksemarknaden i Kina, på bekostning av kinesiskprodusert oppdrettlaks - som ikkje ein gong er laks alltid, men stundom regnbogeaure seld som laks. Fiskeriminister Odd Emil Ingebrigtsen (H) var tidleg ute og hevda på ein pressekonferanse at det ikkje var norsk laks som var på skjærebrettet på Xinfadi, slik meldt i E24.  All laks er er no trekt frå hyllene i alle butikkar i Beijing. Det står att å sjå om heimleg produsert laks får ha marknaden for seg sjølve ei stund før importlaksen får returnere til marknaden.

13.06: Rettar med laks i forsvann fort frå menyane på kafear i Beijing. (C) David Kirton, med løyve

Fokuset på norske næringsinteresser og lakseeksport bør ikkje kome i forgrunnen for at ein no har eit ukontrollert utbrot av Covid-19 i verdas mest folkerike nasjon.
Berre i aldersgruppa 70-79 år har Kina 71.494.305 innbyggjarar, i følgje populationpyramid.net - det vil seie at Kina har fleire menneske i syttiåra enn det finst innbyggjarar (i alle aldrar) i Frankrike. Ein får vone at dei tiltaka som har vorte sett i verk, klarar stogge smittespreiinga før ein får ei full, andre bølgje i Kina.