Ein Kina-blogg vert til, i juni

Juni er ein månad for politiske merkedagar i Kina. Det set ting i perspektiv å lansere ein blogg to veker etter liu si, fjerde juni. Den fjerde juni er årsdagen for massakren på Tiananmen, den Himmelske Freds Plass i Beijing.

Den fjerde juni 2020 var det gatekampar i USA. Senator Tom Cotton frå Arkansas hadde den tredje juni hatt ein kronikk på trykk i New York Times:

Skjermklypt frå www.nytimes.com

Rett nok var ikkje overskrifta Cotton si formulering, men avisa si. Ein debattredaktør i New York Times måtte til slutt trekke seg frå stillinga si.
President Trump var den tredje juni oppteken med å bortforklare at han hadde vorte ført til tryggleik i ein bunker under Det kvite hus nokre dagar tidlegare, fordi det var demonstrantar nær Det kvite hus. Det dukka opp tryggleikstroppar som deltok i vakthaldet rundt Det kvite hus, med ukurante uniformar og inga taktisk merking, som har vorte identifiserte som føderale fengselsvaktar frå Texas. Toppgeneralar byrja setje seg offentleg til motverge mot Trump sine antydningar om å nytte militære styrkar til å ta kontroll over demonstrasjonane. Det var portforbod i mange byar, som demonstrantane mange stader ignorerte. I Minneapolis hadde demonstrantane brent politistasjonen i Third District Precinct til grunnen.

Ein politisk årsdag i juni
Mykje her vil minne om Beijing i 1989. Ein har store, demonstrerande folkemengder, det er portforbod som folk ignorerer, det er henta inn ekstra styrker og det er "hardliners" og "softliners", haukar og duer, som markerar sine syn i den politiske leiarskapen. Men ein skal ikkje overdrive likskapane.

Det var 30-årsjubileum for 04.06.1989 i fjor. Det vart skrive fleire gode saker på norsk, mellom anna Kjersti Strømmen hjå NRK og kanskje særleg Kristoffer Rønneberg si lang-sak i A-Magasinet til Aftenpoften. Desse sakene fekk peikt godt på at massakren på den Himmelske Freds Plass stort sett ikkje skjedde på den Himmelske Freds Plass - dei falne fall i hovudsak lenger vest, på Chang'an-avenyen som fører inn til den Himmelske Freds Plass.

Valdsbruken i Beijing i 1989 var av ein heilt anna dimensjon enn dei bileta ein har sett frå USA i 2020, sjølv om det har vore mykje opprørande. Den sterke motstanden som dei militære vart møtt med i Beijing, må òg kome med i forteljinga. Demonstrantane rekvirerte bussar for å lage vegsperringar i store vegkryss på innfartsårene. Changanjie (长安街) tyder «den evige freds aveny», men nattestimane fjerde juni 1989 var det ikkje fredeleg på Changanjie.

Biletopphav ukjent: delt på Twitter av Patrick Chovanec, @prchovanec

At ein nytta bussar, seier gjerne noko om kva nivå av maktbruk frå styresmaktene demonstrantane såg føre seg. Nokre bussar på tvers i vegen er inga hindring for ei T-59 panservogn.

Opphav: ukjent. Delt på Twitter av @karlsmith202

Wang Feng, sjefredaktør i den kinesiskspråklege utgåva av Financial Times, påpeiker i ein kort refleksjon på Twitter at det inntil for nokre år sidan var sparkla, men likevel synlege merker etter kulehol høgt på veggane på nokre av høghusa langs Chang’an-avenyen.

Den folkelege motstanden høyrer òg med i soga. Biletet under viser ei utbrent, pansra beltevogn (APC).

Biletopphav ukjent: delt på Twitter av m.a Patrick Chovanec, @prchovanec

Det ikoniske biletet «tank man» er verdskjent – utanfor Kina – men òg misvisande, på fleire måtar. Biletet er teke på dagtid, om morgonen den femte juni. Massakren fann stad natt til fjerde juni. Biletet har Tiananmen-plassen i bakgrunnen. Massakren skjedde ikkje om dagen, og ikkje på Tiananmen.

Ein anna effekt av av "tank man"-biletet er så dominerande i vårt inntrykk av fjerde juni, er at panservogna opptrer ikkje særleg aggressivt - særleg om ein ser videoversjonen. I videoversjonen er endåtil fleire minutt dialog mellom vognkommandør og demonstrant klipt vekk (orsak musikken). Kinesiske styresmakter nytta lenge sjølv dette biletet, og dei tilsvarande filmklippa av hendinga, i eigen propaganda i etterkant for å vise kor  tilbakehaldne og lite valdelege soldatane var. No er alt dette skrubba heilt vekk frå kinesisk internett - partiet har teke vekk si eiga forteljing om Tiananmen og "tank man", og sjølvsagt alle andre versjonar. Korleis samfunnet vel å hugse fortida er for øvrig eit tema ein kan skrive mykje om, og det kjem eg òg til å gjere seinare. Dette er jo eit dagsaktuelt tema i vest-Europa og USA for tida, der etablerte fortidsminner særleg i form av statuar, står for fall mange stader.

"Tank man"-biletet ofte er dessutan som regel tilskore, for å zoome betre inn på fotgjengaren og den fremste panservogna. Dersom ein ser på eit utilskore bilete, får ein eit betre inntrykk av omfanget Det var fleire enn dei fem panservognene på Changanjie. På dette biletet ser ein omfanget betre: her ser ein store delar av (men ikkje heile) 1st Armoured Division .

Opphavsrett ukjent, truleg Jeff Widener/Scanpix

Den oppførselen som politifolk i USA har sjokkert både eigne borgarar og andre med, kan vanskeleg liknast med Folkets Frigjeringshær i Beijing i 1989. Det kan derimot likne mykje på korleis politiet i Hong Kong handterte protestane sumaren 2019.

Mindre demonstrasjonar i Hong Kong vart gjennom sumaren 2019 møtt med rustningskledd opprørspoliti som ikkje sparte på korkje batong og tåregass. Protestane handla om eit lovforslag om rettsleg utlevering til andre land, der borgarane i Hong Kong frykta det ville opna for straffeutlevering til fastlands-Kina. Hong Kong har eit eige rettssystem med eit svært godt rykte kva gjeld rettstryggleik - det kan ein ikkje seie om rettssystemet som svarar til Beijing. (Dette fortener ein eigen bloggpost seinare).

Det var fleire enorme demonstrasjonstog som vil ha eigne datoar når soga skal skrivast frametter. Både niande og sekstande juni var det demonstrasjonstog med opp mot to millionar deltakarar - i ein by med kring 7,5 millionar innbyggjarar! For å få tilsvarande proporsjon på ein demonstrasjon i gamle Norig må ein få 1.33 millionar nordmenn til å demonstrere samtidig. Juni er ikkje nokon behageleg månad å demonstrere i i Hong Kong - nett no er temperaturen kring 28 grader celcius, heile døgnet. Under er eit bilete frå demonstrasjonen den 16.juni 2019:  

Demonstrasjonstoget den 16.06. 

I år hadde den årvisse markeringa av fjerde juni, altså årsdagen for Tiananmen, mindre oppslutning enn vanleg. Covid19 kan ha påverka dette, at markeringa var forboden kan òg ha påverka dette. For ordens skuld: markeringa var forboden med smittevern som grunngjeving. Det var likevel ei mindre markering i Victoria Park:

Minnemarkering 04/06/2020 - fotorettar: Baycrest - Wikipedia user - CC-BY-SA-2.5

Det vart i år samanstøytar mellom politi og demonstrantar i Mong Kok-området med tilhøyrande bruk av tåregass. Det er første gong det har vore samanstøytar knytt til fjerde juni-markeringar.

Det spørst likevel om det vert markering av fjerde juni i 2021. Den politiske utviklinga i regionen vert spanande å følgje, og du er hjarteleg velkomen til å følgje utviklinga via kinesiskpolitikk.no.