Adjø, Hong Kong

I slutten av mai vedtok Folkekongressen i Beijing slutten for Hong Kong slik me har kjent Hong Kong sidan den kinesiske overtakinga i 1997. Folkekongressen gav si godkjenning til å lage ei "tryggleikslov" for Hong Kong. Det vart offentleggjort at lova skulle tre i kraft den 30.juni kl 23 lokal tid - og dette vart offentleggjort før lovteksten vart kjent! Sjølve lovteksten kom berre nokre timar før lova treidde i kraft, og fram til desse timane før var det berre eit knippe personar som var kjent med lovteksten. Kva kan seiast om den nye tryggingslova no, to intense døgn seinare?

Då Folkekongressen gjorde vedtaket i slutten av mai, skreiv The Telegraph ei sak med overskrifta "er dette slutten for Hong Kong slik me kjenner byen?" (Is this the end of Hong Kong as we know it). Det er eit munnhell blant skribentar at viss overskrifta er eit spørsmål, er svaret nei. Her er svaret ja - dette er slutten på Hong Kong slik me har kjent byen. Det kjem òg kommentator Matthew Henderson fram til i same avis, med ein kommentar under tittelen "Dagen fridomen døydde i Hong Kong" (The day freedom died in Hong Kong). Johnny Patterson og Benedict Rogers frå organisasjonen Hong Kong Watch har eit innlegg i the Spectator med overskrifta "Hong Kongs død" (The death of Hong Kong).

Den amerikanske utanriksministeren Mike Pompeo har allereie gjort det kjent at ein vil avslutte alle særordningar for Hong Kong - no vil byen verte rekna som ein kva som helst anna by i folkerepublikken Kina. Hong Kong vil slett ikkje vere kva som helst by i Kina. Byen skal framleis styre seg sjølv på måtar andre byar i Kina slett ikkje får - inntil vidare. Det er ikkje (det ganske mangelfulle) demokratiet i Hong Kong som vert forsøkt demontert - i denne omgang. Det er den sterke, uavhengige rettsstaten i Hong Kong, og denne har vore sterkt definerande for byen. Men kva tek Beijing i neste omkamp?

Ny lov: til Hong Kong, frå Beijing
Hong Kong skulle vere styrt etter prinsippet "eitt land, to system" (one country, two systems), som del av avtalen mellom Kina og Storbritannia då suvereniteten over den britiske kolonien Hong Kong skulle førast attende til Kina i 1997. Det er dette prinsippet som no vert sett strek over. Den britiske kolonimakta sikra seg Hong Kong Island som del av fredsavtalen i Nanjing i 1842, og fekk tilstått New Territories på fastlandssida i juni 1898, formulert som ein leigeavtale på 99 år. Denne gjekk dimed gjekk ut 01.07.1997. Det britiske imperiet hadde jo mista koloniar før, men då til nasjonale frigjeringsrørsler. No skulle kolonien tilbakeførast til ein annan, suveren stat. Det vart då laga ein avtale i 1984, den sino-britiske felleserklæringa av 1984, der Kina forplikta seg til å respektere Hong Kong sitt indre sjølvstyre og Hong Kong sine uavhengige institusjonar, herunder Hong Kong-"grunnlova" the Basic Law, for "minst dei neste 50 åra". I 2017 signaliserte Beijing at dei rekna den sino-britiske felleserklæringa av 1984 som "eit historisk dokument" heller enn ein gyldig, forpliktande avtale. I eit klassisk tilfelle av politisk dobbeltkommunikasjon sa utanrikspolitisk pressetalsmann Lu Kang dette same dag som president Xi Jinping var i Hong Kong og framsnakka prinsippet om "eitt land, to system". Kva som vart offisiell politikk er no klart: tryggingslova som kom i forgårs er dødsstøtet for "eitt land, to system".

BBC har skrive ein god gjennomgang av dei strukturelle trekka lova medfører. Eg vel å ikkje oversetje alle tretten kulepunkta, men halde fram eitt, som også BBC framhevar: ved usemje om lovtolkingar skal Beijing avgjere korleis lova skal tolkast, ikkje rettssystemet i Hong Kong. Dette er svært problematisk, sidan lova har ei rekkje uklare punkt, som me skal kome attende til.

Ei politisk straffelov
At Beijing skriv ei lov som skal styre Hong Kong, er i seg sjølv eit brot på "eitt land, to system", uavhengig av lovområde og innhald i lova. Når ein så ser på lovområdet og innhaldet i denne lova, så er det ikkje berre ei tryggingslov, men dels ei politisk straffelov. Det er, slik me straks skal sjå nærare på, somme brotsverk som alle land har forbud mot, som å konspirere med framande makter og aktiv spionasje. Andre punkt vil ein ikkje finne i allminnelege tryggingslover.

Journalist Stuart Lau frå South China Morning Post har skrive ein gjennomgang av dei fire kategoriane politiske brotsverk som vert kriminaliserte. Eg attgjev desse her, omsett til norsk. Engelske uttrykk i [firkantklemmer] er Lau sitt opprinnelege ordval på engelsk, medan ting som står i vanlege (parantesar) er Lau sine parantesar, med innhald omsett til norsk. Dette er dei fire kategoriane brotsverk:
(1) Separatisme: einkvar som forsøker å lausrive Hong Kong frå Kina, eller på ulovleg vis endre den juridiske statusen til Hong Kong, eller overføre suverenitet Hong Kong til ei framand makt, kan idømmast fengsel på livstid viss ein vert rekna som hovedkonspirator ["mastermind"]. Aktiv medverknad gjev 3-10 års fengsel. (2) Statsfiendtleg verksemd ["subversion"]: einkvar som søker å forkaste eller forstyrre folkerepublikken Kina sitt "grunnleggjande system" (d.v.s eittpartistyre), folkerepublikkens politiske leiing eller Hong Kong si politiske leiing, kan idømmast livstid i fengsel. Også her kan aktiv medverknad gje 3-10 års fengsel.
(3) Terrorisme; definert som (i) alvorleg lekamsskade, (ii) eksplosjonar, brannstiftelse, spreiing av gift, radioaktivitet eller smittsame sjukdommar, (iii) forstyrrelse av offentleg transport, (iv) forstyrrelse av infrastruktur ["interference with utilities"] og (v) å setje folkehelsa i alvorleg fare, kan straffast med livstid i fengsel og kverrsetjing av eigedom. Å fremje terrorisme ["promotion of terrorism"] kan straffast med 5-10 år i fengsel.
(4) Konspirasjon med framande makter: definert som å stjele, samle eller kjøpe statsløyndommar eller etterretning knytt til nasjonal tryggleik, oppmode ["pleading"] framande makter/ikkje-kinesiske organisasjonar/borgarar til å: (i) gå til krig mot folkerepublikken Kina, (ii) alvorleg forstyrre den politiske avgjersleprosessen i Hong Kong ["seriously interfere with HK's policymaking"],
(iii) manipulere eller forstyrre valresultat i Hong Kong, (iv) påføre sanksjonar mot Hong Kong/Kina, (v) fremje hat blant Hong Kong-borgarar mot styresmaktene i Kina og i Hong Kong gjennom "ulovlege midlar" [illegal means] kan straffast med livstid i fengsel.

Paragraf 38
Eliten av Kina-vitarar  verda rundt kasta seg umiddelbart over lovteksten då den vart offentleggjort, som var berre timar før lova treidde i kraft. Lovteksten var då berre tilgjengeleg på kinesisk, og å hurtigtolke juridisk kinesisk er for vidarekomne. Knapt ein time etterpå gjekk diskusjonen høgt om paragraf 38. Kunne det stemme at lova hevdar å gjelde personar som ikkje har status som permanent busett i Hong Kong, og som bryt lova utanfor Hong Kong?

Formuleringa i paragraf 38, omsett til norsk frå engelsk av underteikna, er som følgjer:
"Denne lova skal gjelde brotsverk etter denne lova gjort mot Hong Kong Spesialadministrative Region frå utanfor Regionen, utført av personar som ikkje er permanent busett i Regionen." ( This Law shall apply to offences under this Law committed against the Hong Kong Special Administrative Region from outside the Region by a person who is not a permanent resident of the Region).  Den engelske teksten er henta frå The South China Morning Post, der du kan lese heile lovteksten på engelsk.
Vil dette, slik Bethany Allen Ebrahimian spør over, bety at kven som helst, kvar som helst, kan bryte lova slik at ein for all ettertid kan tiltalast for dette om ein vitjer verkeområdet til lova, altså Kina og Hong Kong?

Ja, om enn litt komplisert. Artikkelen i The South China Morning Post oppklarar ein del. Den kinesiske straffelova inneheldt  allereie bestemmelsar i paragraf 7 og 8 om at kinesiske borgarar som begår lovbrot utanfor folkerepublikken, og utanlandske borgarar som begår brotsverk mot den kinesiske stat eller kinesiske borgarar utanfor Kina, kan straffast etter den kinesiske straffelova. Den store skilnaden her synest å vere at den kinesiske straffelova har ein bestemmelse som seier at dersom eit brotsverk (etter kinesisk straffelov) er gjort i utlandet, men ikkje er straffbart der brotsverket vart gjort, gjeld ikkje lova. Dette unntaket finst ikkje i den nye tryggingslova for Hong Kong. Organisasjonen Reporters Without Borders har åtvara mot lova nettopp fordi dei tolkar det slk at paragraf 38 kan verte brukt mot einkvar journalist som skriv om Hong Kong.

Slik jusprofessor Tian Feilong frå Beihang University i Beijing påpeiker i artikkelen, ser det ut som, ut frå paragraf 55, at ei sak etter paragraf 38 vil verte handtert i rettsystemet på fastlandet og ikkje rettssystemet i Hong Kong. Dette har heilt sidan protestane i 2019 vore den store kampsaka for aktivistane i Hong Kong; at dei ikkje skulle kunne stillast for retten i folkerepublikken skulda for å ha brote folkerepublikken sine lover.

Fryktokrati: strategiske uklarheiter
New York Times kalla den nye lova "ambiguøst formulert". I vår heimlege rettsstat er uklare lovtekstar som regel rekna som dårleg arbeid hjå lovgjevar, og då vert det opp til domstolane å finne rimelege tolkningar - med mindre ein endrar lovteksten for å gjere den presis. Uklåre lovtekstar gjev utøvande makt større spelerom til å definere kva lova seier. Dette reknar ein i rettsstatar som uheldig og ikkje ynskjeleg, men i Hong Kong er dette ein del av designet.

Skjermskot frå nyhetsvarsel frå CNN

Denne frykta er ein ynskt effekt. Zhang Xiaoming, visedirektør for kontoret for Hong Kong og Macau-politikk kalla den nye lova for eit Damoklessverd hengande over hovudet på dei "svært få kriminelle som utgjer eit alvorleg trugsmål mot nasjonal tryggleik". Ashley Ng, som er delegat frå Hong Kong til folkekongressen i Beijing, har lasta opp ein video der han kommenterer den nye lova, og i følgje journalist Xinqi Su seier at Ng her at ikkje offentleggjorde lova nettopp for å skape ein frykteffekt:


Washington Post hevdar Ng også seier i videoen at ordlyden i lovteksten er vag med vilje, for å skape same frykteffekten.

Frykteffekten har slege til allereie. Fleire av dei mest profilerte unge aktivistane har trukke seg frå den politiske organisasjonen Demosisto, slik NRK meldte tidleg. Fleire andre profilerte leiarar har gjort det same, deriblant Nathan Law, Jeffrey Ngo og Agnes Chow. Mindre politiske organisasjonar enn Demosisto driv no òg tilbakevirkande sjølvsensur, i frykt for den nye lova. Baptistprest og kyrkjeleiar dr. Lo Hing Choi, som er styreleiar for Baptist Convention of Hong Kong , tok avstand frå ny tryggingslov før innhaldet i den var kjent:

Dette forsvann fort frå internett etter at innhaldet i tryggingslova var vorte kjent. I følgje Hong Kong-baserte Christian Times vart innhaldet fjerna for å ikkje føre til ulempe for Baptist Convention, og det er no berre eit bilete av styreleiaren der spalta "Styreleiaren meiner" pleidde vere.

Det spørst om det vil kome ein større aksjon mot kyrkjelydar i Hong Kong i etterkant av innføringa av den nye tryggingslova. Den Canada-busette teologen Chislon Chow, sitert i skjermskotet over, peikar på at den kinesiske statlege avisa Tai Kung Pao har skulda kyrkjer som støttar den demokratiske rørsla i Hong Kong for å "forgifte unge truande". Salmen "Sing Hallelujah to the Lord" (Syng halleluja til Herren) vert halde fram som "kampsong for svart vald". Svart var demonstrantfargen i 2019, medan valdelege motdemonstrantar uniformerte seg i kvite T-skjorter. Særskilt interesserte kan lese meir om dette på engelsk her - vonleg den einaste gongen i livet denne bloggen siterer businessoffashion.com.

Dei akademiske miljøa i Hong Kong fryktar òg kva den nye tryggingslova vil seie for deira verksemd. Hong Kong har fem universitet, som til no ikkje har måtte ta omsyn til kva Beijing reknar som politisk sensitive tema. Sun Kwok, som er astronom og tidlegare dekan ved University of Hong Kong, seier til Sciencemag.com at han fryktar for rekrutteringa til universiteta i Hong Kong. Den britiske parlamentarikaren Tom Tugendhat åtvarar mot at den nye lova trugar studentar frå Hong Kong når dei studerer ved britiske universitet - men slik paragraf 38 er utforma, så kriminaliserer tilsynelatande lova potensielt alle akademikarar som studerer Kina og Hong Kong, ikkje berre studentar frå Hong Kong.

Som avslutningsord vil eg nytte hjartesukket frå Yuen Chan, ein tidlegare journalist som no underviser journalistikk på Chinese University of Hong Kong:

Omsett vert dette:
"Hugsar du den kjensla av lettelse når du kryssa grensa frå fastlandet inn til Hong Kong, og visste at no kunne du snakke fritt, publisere fritt, trengte ikkje sjå deg over skuldra, trengte ikkje nytte pseudonym på dei du intervjua og du kunne gjere intervju med mikrofon på offentlege stader?"

Slik var Hong Kong, fram til 01.07.2020.

Biletrettar på ingressbiletet: Wikimedia Commons